Zechariah 10:11
Han skal draga fram gjenom havet i trengsla; bylgjorne skal slå ned i havet, og alle djupi i Nilen skal turkast ut; Assurs byrgskap skal støytast ned, og kongsstaven skal vika frå Egyptarland.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Men deim skal eg gjera sterke i Herren, og i hans namn skal dei ferdast, segjer Herren.
Cross References
Genesis 8:1Då kom Gud i hug Noah og alle villdyri og alt bufeet som var med honom i arki, og Gud let ein vind fara yver jordi, og vatnet fall.
Exodus 14:27So rette Moses handi ut yver havet, og då det leid imot morgonen, kom havet veltande attende i det gamle romet sitt, men egyptarane rømde beint imot bårorne, og Herren støytte deim midt ut i havet.
2 Kings 2:8Elia tok kappa si, sveipte henne i hop og slo på vatnet. Då kløyvde det seg til båe kanter, so dei gjekk båe yver på turre botnen.
Ezra 6:22Og dei heldt søtebrødhelgi i sju dagar med fagnad. Herren sjølv hadde gjort deim glade, med di han hadde snutt hjarta åt assyrarkongen til deim, so han var med og studde deim i arbeidet på huset åt Gud, Israels Gud.
Psalms 77:16Du hev løyst ditt folk ut med velde, borni åt Jakob og Josef. Sela
Psalms 114:5Kva hev hendt deg, hav, at du flyr? du Jordan, at du dreg deg attende?