Zechariah 10:2
Men husgudarne talar fåfengd, og spåmennerne ser falske syner. Tome draumar talar dei, og svikfull er deira trøyst. Difor laut dei reika ikring som ein saueflokk og lida vondt av di det ikkje er nokon hyrding.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 31:19Laban hadde gjenge av og skulde klyppa sauerne sine. Då stal Rakel med seg husgudarne som far hennar hadde.
Deuteronomy 13:2[2-3] og segjer: «Lat oss fylgja andre gudar» - gudar som du ikkje kjenner - «og beda til deim!» so lyd ikkje etter kva slik ein profet eller draumsjåar segjer, um det so horver etter som han spådde; for Herren vil då røyna dykk og sjå um de elskar honom av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug.
1 Kings 22:17Då sagde han: «Eg såg heile Israel spreidt i fjelli som ein saueflokk utan hyrding; og Herren sagde: «Dei der hev ingen herre, lat deim snu heim att i fred, kvar til sitt!»»
Job 21:34Det trøystar meg med tome ord; av dykkar svar er sviket att.»
Isaiah 44:9Dei som lagar gudebilæte er alle inkjevetta, og deira kjære gudar kann ikkje hjelpa; deira vitne ser inkje og skynar inkje, difor vert dei til skammar.
Isaiah 46:5Kven vil de likna meg med og setja meg jamsides med? Kven set de upp til jamliken min?