Zechariah 10:8
Eg vil blistra på deim og samla deim; for eg hev løyst deim ut, og dei skal verta likso mangmente som dei fordom var.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 4:20Juda og Israel var då so mangmente som sanden ved havet; og dei åt og drakk og var glade.
Isaiah 7:18For på den tidi skal Herren blistra på fluga langt burte ved elvarne i Egyptarland og på bia i Assyrialandet;
Isaiah 27:12Og det skal henda på den dagen, at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi til Egyptarlands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein.
Isaiah 48:20Drag ut or Babel, fly frå kaldæarland! Med fagnadrop forkynn og fortel det, spreid det ut til verdsens ende! Seg at Herren hev løyst ut sin tenar Jakob!
Isaiah 51:11Dei som Herren hev frikjøpt, skal snu heim og koma til Sion med jubelsong, med æveleg gleda til hovudkrans. Gleda og frygd skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.
Isaiah 55:1Å, alle de tyrste, kom til vatnet! Og de som ikkje hev pengar, kom, kjøp korn og et! Ja, kom og kjøp korn utan pengar, og utan betaling vin og mjølk!