Zechariah 13:9
og denne tridjeparten let eg ganga gjenom elden og skirer honom som ein skirer sylv, og prøver honom som ein prøver gull. Dei skal kalla på mitt namn, og eg skal svara deim; eg skal segja: «Dette er mitt folk;» og dei skal svara: «Herren er min Gud.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 26:12Imillom dykk vil eg ferdast, og dykkar Gud vil eg vera, og de skal vera mitt folk.
Deuteronomy 26:17Av Herren hev du i dag teke imot den lovnaden at han vil vera din Gud; so vil du ganga på hans vegar, og halda fyresegnerne og bodi og loverne hans og vera honom lydug.
Job 23:10For all den veg eg fer han kjenner; prøvde han meg, eg var som gull.
Psalms 34:15Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter honom!
Psalms 50:15og kalla på meg den dag du er i naud, so vil eg frelsa deg ut, og du skal prisa meg.»
Psalms 91:15Han skal kalla på meg, og eg skal svara honom, eg er med honom i naud, eg vil fria honom ut og føra honom til æra.