Zechariah 14:10
Heile landet skal verta som Jordan-kverven, frå Geba til Rimmon sunnanfor Jerusalem; og byen sjølv skal lyfta seg høgt og liggja på sin stad, radt ifrå Benjamins-porten og til den staden der Gamleporten var, til Hyrneporten, og frå Hananeltårnet og til vinpersorne åt kongen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
9Då skal Herren vera konge yver heile jordi; på den dagen skal Herren vera ein og namnet hans eitt.
11Og folket skal bu der, og det skal ingi bannlysing vera meir, og Jerusalem skal liggja der trygt.
Cross References
Joshua 15:32og Lebaot og Silhim og Ajin og Rimmon, i alt ni og tjuge byar, med grenderne som låg ikring.
Judges 20:45So snudde dei um, og rømde til øydemarki, burtimot Rimmonshøgdi. Og Israels-mennerne felte på ålmannvegarne endå fem tusund mann; sidan sette dei etter deim til Gideon og felte tvo tusund til.
Judges 21:13Og heile lyden sende bod til Benjamins-sønerne som var på Rimmonshøgdi, og lova deim fred.
1 Chronicles 4:32Og i landsbyarne deira var Etam og Ajin, Rimmon, Token og Asan, fem byar,
2 Chronicles 25:23Joas, Israels-kongen, tok Amasja, Juda-kongen, son åt Joas, son åt Joahaz, til fange ved Bet-Semes og førde honom til Jerusalem. Deretter reiv han ned eit stykke av muren kring Jerusalem frå Efraimsporten til Hyrneporten, so mykje som fire hundrad alner.
Nehemiah 3:1Øvstepresten Eljasib og dei andre prestarne, frendarne hans, gjekk i veg og bygde Saueporten. Dei vigde honom, og sette inn dørerne. So bygde dei fram til Meatårnet, som dei vigde, og fram til Hananeltårnet.