Zechariah 14:17
Og um nokre av ætterne på jordi ikkje fer upp til Jerusalem og bed til kongen, Herren, allhers drott, so skal det ikkje koma regn hjå deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 12:3Og eg vil velsigna deim som velsignar deg, og den som bannar deg, vil eg forbanna; og i deg skal alle folk på jordi velsignast.»
Deuteronomy 11:17for då vert Herren din harm, og stengjer himmelen att, so det ikkje kjem noko regn, og jordi ikkje gjev grøda, og vonom snøggare kverv du burt or det ovgilde landet som Herren gjev deg til eiga.
1 Kings 8:35Når himmelen let seg att, so det ikkje kjem regn, for di dei syndar imot deg, og dei so snur seg mot denne staden med bøn, og dei vedkjennest namnet ditt og vender um ifrå syndi si, av di du audmjuker deim,
2 Chronicles 6:26Når himmelen let seg att, og regnet ikkje kjem, for di dei syndar imot deg, og dei so snur seg imot denne staden med bøn, og dei vedkjennest ditt namn og vender um frå syndi si av di du audmykjer deim,
Psalms 2:8Krev av meg, so vil eg gjeva deg heidningarne til arv og endarne av jordi til eiga.
Psalms 110:5Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest.