Zechariah 14:4
På den dagen skal han standa med føterne på Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem på austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord og andre helvti mot sud.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Og Herren skal fara ut og strida mot desse folki som han stridde fyrr på slagdagen.
Cross References
2 Samuel 15:30David gjekk gråtande upp Oljefjellet med tilsveipt hovud og berrføtt. Og alt folket som fylgde, hadde og sveipt til hovudi sine og gjekk gråtande dit upp.
Ezekiel 11:23Og Herrens herlegdom steig upp midt utor byen og stana yver fjellet som er austanfor byen.
Ezekiel 47:1So let han meg tilbake til inngangen åt huset. Og sjå, det kom vatn ut under dørstokken på huset mot aust, for framsida på huset snudde i aust. Og vatnet rann ned frå høgre sida på huset sunnanfor altaret.
Micah 1:3For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og trøder på haugarne på jordi.
Nahum 1:5Bergi bivrar for honom, og haugarne brånar. Jordi lyftar seg for hans åsyn, jordriket med alle som i det bur.
Zechariah 4:7Kven er du, du store fjell som reiser deg mot Zerubbabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med honom!»»