Zechariah 3:1
So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 3:15Og hat vil eg setja millom deg og kvinna, og millom di ætt og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga deim i hælen.»
Exodus 3:2Der synte Herrens engel seg for honom i ein eldsloge, som slo beint upp or ein klungerrunne; han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje upp.
Deuteronomy 10:8I den tidi skilde Herren ut Levi-ætti so dei skulde bera sambandskista åt Herren, og standa framfor Herrens andlit og tena honom, og lysa velsigning i hans namn, og so hev dei gjort til denne dag.
1 Samuel 6:20Og Bet-Semes-buarne sagde: «Kven kann standa seg for Herren, den heilage Gud? og kven vil han no heimsøkja når han dreg upp frå oss?»
2 Chronicles 29:11Lat det difor ikkje skorta dykk på ihuge, sønerne mine, for dykk hev Herren valt ut til å standa for hans åsyn og tena honom og vera tenarane hans og kveikja røykjelse for honom.»
Ezra 5:2Då gjorde Zerubbabel Sealtielsson og Jesua Josadaksson seg reiduge og tok atter til å byggja på Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar studde uppunder og hjelpte deim.