Zechariah 4:2
og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si på toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer som gjeng til lamporne der ovantil,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
1Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom ein mann vert vekt or svevnen,
3og tvo oljetre stend attved, eitt på høgre sida av oljeskåli og eitt på vinstre sida.»
Cross References
Exodus 37:17So gjorde han ljosestaken; den var av skirt gull, og drive arbeid var det, både hoven og leggen. På staken var det blomar, med knuppar og utsprotne blad, og dei var samgjorde med honom.
1 Kings 7:49ljosestakarne, fem på høgre og fem på vinstre sida framfyre koren, av skiraste gull, og blomarne og lamporne og ljosesakserne av gull,
2 Chronicles 4:7Og han gjorde ti ljosestakar av gull i samhøve med det som var fyreskrive, og sette deim i tempelbygnaden, fem på høgre og fem på vinstre sida.
2 Chronicles 13:11Kvar morgon og kvar kveld let dei brennofferi ganga upp i røyk med finangande røykjelse, skodebrødi ligg på gullbordet, og gull-ljosestaken med lamporne kveikjer dei kveld etter kveld; for me agtar på fyresegnerne åt Herren, vår Gud, men de hev vendt dykk frå honom.
Jeremiah 1:11Og Herrens ord kom til meg; han sagde: Kva ser du, Jeremia? Og eg svara: «Ein stav av vake-treet ser eg.»
Amos 7:8Og Herren sagde til meg: «Kva er det, Amos, du ser?» Og eg svara: «Eit blylodd.» Og Herren sagde: «Ja, eg skal loddet bruka millom mitt folk Israel. Ikkje vil eg meir spara det no.