Zechariah 6:13
Ja, han skal byggja Herrens tempel, og han skal vinna herlegdom og sitja og styra på kongsstolen sin, og han skal vera prest på kongsstolen sin, og freds samråd skal det vera millom deim båe.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
14Men kruna skal vera i Herrens tempel til minne um Helem, Tobia og Jedaja og Hen Sefanjason.
Cross References
Genesis 14:18Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest åt Gud den Høgste.
Psalms 21:4For du kom honom til møtes med velsigning av gode ting; du sette ei kruna av gull på hans hovud.
Psalms 45:3Du er den fagraste av menneskjeborni, ynde strøymer yver dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.
Psalms 85:9Eg vil høyra kva Gud Herren talar, for han talar fred til sitt folk og til sine trugne - berre dei ikkje vender um att til dårskap.
Psalms 110:4Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»
Isaiah 9:6For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven, og herreveldet kviler på hans herdar, og han heiter Underfull, Rådgjevar, Veldug Gud, Æveleg Fader, Fredsfyrste.