Zechariah 8:16
Dette er det de skal gjera: Tala sanning med kvarandre! Seg rette og fredsæle domar i portarne dykkar!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 10:12Og no, Israel, kva er det Herren, din Gud, krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren, din Gud, og allstødt ganga på hans vegar, og elska og tena honom av heile ditt hjarta og heile din hug,
Psalms 15:2Den som ferdast ulastande og gjer rettferd og talar sanning i sitt hjarta.
Proverbs 12:17Den som andar ærlegskap, segjer det som rett er, men det falske vitnet talar svik.
Isaiah 9:7So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal reisast og stydjast med rett og rettferd frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers drott, skal gjera dette.
Jeremiah 9:3Og dei spenner tunga som bogen sin til lygn, og ikkje på ærleg vis er dei megtige vortne i landet, men frå vondt til vondt gjeng dei fram, og meg veit dei ikkje av, segjer Herren.
Hosea 4:1Høyr Herrens ord, de Israels-born! For Herren hev sak med deim som bur i landet, av di det ingen truskap finst i landet, og ingen kjærleik og ingen kjennskap til Gud.