Zephaniah 1:6
og deim som hev vendt seg burt frå Herren, og deim som ikkje hev søkt Herren og ikkje spurt etter honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
5deim som på taki bed til himmelheren, deim som bed til og sver ved Herren og attpå sver ved Milkom,
Cross References
1 Samuel 15:11«Eg angrar at eg gjorde Saul til konge! Han hev vendt seg burt frå meg og ikkje gjort det eg sette honom til.» Då harmast Samuel, og han ropa til Herren heile natti.
2 Chronicles 15:13og at kvar den som ikkje søkte Herren, Israels Gud, han skulde lata livet, anten han var liten eller stor, mann eller kvinna.
Psalms 14:2Herren skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um der er nokon vitug, nokon som søkjer Gud.
Psalms 125:5Men deim som vender seg burt til sine krokute vegar, skal Herren lata fara med illgjerningsmenner. Fred vere yver Israel!
Isaiah 9:12syrarane frå den eine sida og filistarane frå den andre, og dei skal eta upp Israel med gløypande gap. Med alt dette hev ikkje vreiden hans vendt seg, og endå retter han ut handi.
Isaiah 43:22Men på meg hev du ikkje kalla, Jakob, so du gjorde deg bry for meg, Israel.