Zephaniah 3:10
Frå landet burtanfor elvarne i Ætiopia skal dei føra mine tilbedarar, mitt spreidde folk bera fram offer til meg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 72:8Og han skal hava herredom frå hav til hav, og frå elvi til endarne av jordi.
Isaiah 18:1Høyr, du land med dei surrande vengjer, du land burtanfor elvarne i Ætiopia,
Isaiah 27:12Og det skal henda på den dagen, at Herren skal halda ei frukthausting alt frå Storelvi til Egyptarlands-bekken, og de, Israels born, skal verte sanka, ein for ein.
Isaiah 60:4Lyft augo upp, og sjå deg ikring! Dei samlar seg alle, dei kjem til deg. Dine søner kjem langt burtanfrå, dine døtter vert borne på armen.
Isaiah 66:19Eg vil gjera eit teikn imillom deim, og nokre av deim som vert berga, vil eg senda til heidningfolki, til Tarsis og Pul og Lud, bogeskyttarane, til Tubal og Javan, til øylandi langt burte, som ikkje hev høyrt gjetordet um meg og ikkje hev set min herlegdom, og dei skal kunngjera min herlegdom millom folki.
Malachi 1:11For frå solekoma til soleglad er mitt namn stort millom folki, og på kvar ein stad vert det frembore røykoffer åt namnet mitt og rein offergåva; for namnet mitt er stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers drott.