Andre Krønikebok 27:1
Og dette er Israels-sønerne, etter talet deira, med ættarhovdingarne og med herhovdingar yver tusund og hundrad og tilsynsmennerne deira, som tente kongen i alt som vedkom herflokkarne; dei herflokkarne gjekk inn og gjekk ifrå for til skiftes kvar månad i året, og kvar flokk var fire og tjuge tusund mann sterk.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Andre Krønikebok 27
Cross References
Exodus 18:25Han kåra ut dugande menner av heile Israel, og sette deim til hovdingar og domsmenner yver folket, sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti.
Joshua 23:1Då lang tid var lidi, og Herren hadde late Israel få fred for alle fiendar rundt ikring, og Josva var gamall vorten og ut i åri komen,
2 Samuel 23:8Dette er namni på dei djervaste stridsmennerne åt David: Joseb-Bassebet, tahkmoniten, den fremste av kjemporne, han som svinga spjotet yver åtte hundrad falne på ein gong.
1 Kings 4:27Og bygdefutarne forsynte kong Salomo og alle deim som gjekk til bords hjå kong Salomo kvar sin månad; dei let det ikkje skorta på nokon ting.
1 Chronicles 11:10Og dette er dei gjævaste kjemporne hans David, som gav honom kraftig hjelp, i lag med heile Israel, til å verta konge, til å gjeva honom kongedømet hans, etter Herrens ord um Israel.
1 Chronicles 28:1Og David kalla i hop alle Israels hovdingar til Jerusalem, ættarhovdingarne, hovdingarne yver herskifti som tente kongen, og hovudsmennerne yver tusund og yver hundrad, og tilsynsmennerne yver all eiga og buskapen åt kongen og sønerne hans, og dertil hirdmennerne og kjemporne og alle djerve hermenner.