Paulus’ fyrste brev til korintarane 10:13
Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Difor, den som tykkjer han stend, han sjå til at han ikkje fell!
14Difor, mine kjære, fly frå avgudsdyrkingi!
Read all of Paulus’ fyrste brev til korintarane 10
Cross References
Exodus 3:17Og eg sagde: «Eg vil fria dykk ut or alt det vonde de lid i Egyptarland, og fylgja dykk fram til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og jebusitarne, eit land som fløymer med mjølk og honning.»
1 Samuel 29:10Ris no tidleg upp i morgon, du og tenarane åt herren din som er komne med deg; og når det de hev gjort, so far dykkar veg so snart det ljosnar!»
Psalms 89:33då vil eg heimsøkja deira misgjerd med ris og deira skuld med plågor.
Psalms 125:3For ikkje skal ugudleg kongsstav kvila på arvluten åt dei rettferdige, at ikkje dei rettferdige skal retta ut til urett sine hender.
Isaiah 25:1Herre, du er min Gud; eg vill upphøgja deg, eg vil prisa namnet ditt. For du hev gjort underverk. Dine råd frå forntidi er sanne og trufaste.
Jeremiah 12:5Um du vert utmødd når du løyp med gangande mann, korleis kann du då kapprenna med hestar? I eit fredt land er du trygg, men kva vil du gjera i tjukkskogen burtmed Jordan?