Paulus’ fyrste brev til korintarane 15:52
i hast, i ein augneblink, ved den siste luren; for luren skal ljoda, og dei daude skal standa upp uforgjengelege, og me skal verta umskapa.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
51Sjå, eg segjer dykk ein løyndom: Me skal ikkje alle sovna av, men me skal alle verta umskapa,
53For dette forgjengelege må verta iklædt uforgjengelegdom, og dette døyelege iklædt udøyelegdom.
Read all of Paulus’ fyrste brev til korintarane 15
Cross References
Exodus 19:16So var det tridje dagen, med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var.
Exodus 33:5For Herren sagde til Moses: «Seg til Israels-folket: «De er eit hardlyndt folk! fylgdest eg med dykk um det var aldri so lite bil, so laut eg gjera ende på dykk. Men tak no av dykk høgtidsskrudet, so skal eg sjå kva eg kann gjera for dykk!»»
Numbers 16:21«Skil dykk frå denne lyden, so skal eg gjera ende på deim, so fort som ein blunkar med auga.»
Psalms 73:19Kor dei vart øydelagde i ein augneblink! Dei gjekk under, fekk ein skræmeleg ende.
Isaiah 27:13Og det skal henda på den dagen at dei skal blåsa i ein stor lur, og då skal dei koma dei burtkomne i Assurs land og dei burtdrivne i Egyptarlandet, og dei skal tilbeda Herren på det heilage fjellet i Jerusalem.
Ezekiel 33:6Men um vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i luren, og folket ikkje vert vara, og sverdet kjem og tek burt einkvan av deim, då er han burtteken for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av handi åt vaktmannen.