Andre kongebok 14:15
Herren skal slå Israel som sevet voggar i vatnet, og han skal rykkja Israel upp or dette gode landet, som han gav federne deira, og strøya deim på andre sida åt Storelvi, for di dei hev laga seg asjeror og vekt Herrens harm.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 26:32eg skal gjera landet so audt, at fiendarne som bur der skal fæla.
Deuteronomy 4:26so tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart skal verta utrudde or det landet de fær i eige når de kjem yver Jordan; de skal ikkje få liva der lenge, men verta heiltupp utøydde.
Deuteronomy 28:36Deg og den kongen du set yver deg, skal Herren føra langt burt til eit folk som korkje du eller federne hev kjent; der lyt du tena andre gudar, stokk og stein;
Deuteronomy 29:24då kjem dei til å spyrja, alle kjem til å spyrja: «Kvi hev Herren fare soleis åt med dette landet? Kva var det som valda denne svære vreideselden?»
Joshua 23:15Men liksom det hev gjenge etter alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev tala til dykk, soleis skal Herren lata alt det vonde han hev truga med koma yver dykk, til han hev rudt dykk ut or dette gilde landet som han hev gjeve dykk.
1 Kings 14:9men du hev gjort meir vondt enn alle som hev vore fyre deg; du hev gjenge av og laga deg andre gudar, støypte bilæte, for å harma meg, og meg hev du kasta attum ryggen din.