Andre kongebok 4:12
Ba’ana Ahiludsson i Ta’anak og Megiddo og i heile den luten av Bet-Sean som ligg attmed Sartan nedanfor Jizre’el, frå Bet-Sean til Ahel-Mehola og burtum Jokmeam;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
11son åt Ahinadab, som hadde heile høglandet Dor, og som fekk Tafat, dotter åt Salomo, til kona;
Cross References
Joshua 3:16då stana det vatnet som kom ovantil, og stod som ein vegg alt uppmed Adam, den byen som ligg jamsides med Saretan, og det som rann nedetter til Moavatnet, eller Saltsjøen, vart reint burte. So gjekk folket yver åi midt for Jeriko.
Joshua 17:11I Issakarsfylket og i Asersfylket fekk Manasse Bet-Sean med bygderne ikring, og Jibleam med bygderne ikring, og Dor med grender og bygder, og En-Dor med grender og bygder, og Ta’anak med grender og bygder, og Megiddo med grender og bygder, alt som låg under dei tri høgderne.
Judges 7:22og Herren laga det so at då dei høyrde ljomen av dei tri hundrad lurarne, vende dei sverdi sine mot kvarandre. So gjekk det i heile lægret. Og heren rømde til Bet-Hassitta, burtimot Serera, til Abel-Meholastrandi framum Tabbat.
1 Samuel 31:10Dei lagde våpni hans i Astarte-templet; og liket hans hengde dei upp på bymuren i Bet-San.
1 Kings 7:46I Jordan-kverven var det kongen fekk deim støypte, i den faste jordi millom Sukkot og Sartan.
1 Kings 19:16Og Jehu Nimsison skal du salva til konge yver Israel, og Elisa Safatsson frå Abel-Mehola, skal du salva til profet i din stad.