Andre kongebok 8:16
«Frå den tidi då eg førde Israel, folket mitt, ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av alle Israels ætter der ein kunde byggja eit hus til bustad for namnet mitt. Men David hev eg valt ut til å råda yver Israel, folket mitt.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
17Og David, far min, sette seg nok fyre å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.
Cross References
Deuteronomy 12:5de skal søkja til den staden som Herren, dykkar Gud, vel seg til bustad i eit av fylki dykkar; dit skal du koma,
1 Samuel 16:1Herren sagde til Samuel: «Kor lenge etlar du å syrgja yver Saul? Eg hev då vanda honom, so han skal ikkje vera konge yver Israel. Fyll hornet ditt med olje og gakk av stad! Eg vil senda deg til Isai i Betlehem. Ein av sønerne hans hev eg etla til konge.»
2 Samuel 7:6Eg hev då ikkje butt i noko hus heilt frå den tid eg førde Israels-borni upp frå Egyptarland alt til i dag, men hev flutt rundt i eit tjeld og i ei bud.
1 Kings 11:36son hans vil eg gjeva ein av ætterne, so tenaren min, David, alle dagar må hava ei lampa framfor mi åsyn i Jerusalem, den byen som eg hev valt meg ut til bustad for namnet mitt.
1 Chronicles 17:5For eg hev då ikkje butt i noko hus, alt frå den dagen då eg førde Israel upp hit, og til denne dag, anna eg hev flutt frå tjeld til tjeld, frå hus til hus.
1 Chronicles 28:4Men Herren, Israels Gud, valde like vel meg ut or heile farsætti mi til å vera konge yver Israel i all æva; for Juda valde han ut til å vera fyrste, og or Judas hus min fars hus, og millom sønerne åt far min hadde han hugnad i meg, og gjorde meg til konge yver Israel.