Andre kongebok 8:29
og let augo dine vera opne mot dette huset natt og dag, mot den staden som du hev sagt det um at her skal namnet ditt bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 12:5de skal søkja til den staden som Herren, dykkar Gud, vel seg til bustad i eit av fylki dykkar; dit skal du koma,
Deuteronomy 12:14På den staden som Herren vel seg ut i eit av fylki dykkar, der skal du ofra brennofferi dine, og der skal du gjera alt anna eg segjer deg fyre.
Deuteronomy 16:6men berre på den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad; der skal du slagta påskelambet, um kvelden, solegladsbil, på same tid som då du for frå Egyptarland.
1 Kings 8:16«Frå den tidi då eg førde Israel, folket mitt, ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av alle Israels ætter der ein kunde byggja eit hus til bustad for namnet mitt. Men David hev eg valt ut til å råda yver Israel, folket mitt.»
1 Kings 8:52Ja, gjev augo dine må vera opne for påkallingi åt tenaren din og folket ditt, Israel, so du høyrer på deim so tidt som dei ropar til deg.
1 Kings 11:36son hans vil eg gjeva ein av ætterne, so tenaren min, David, alle dagar må hava ei lampa framfor mi åsyn i Jerusalem, den byen som eg hev valt meg ut til bustad for namnet mitt.