1 Peter 1:17
Og når de påkallar honom som Fader, som dømer utan å gjera skilnad, etter kvar manns gjerning, so ferdast med otte den tid de liver i utlendingskapen;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16for det stend skrive: «De skal vera heilage, for eg er heilag!»
Cross References
Genesis 47:9Då sagde Jakob med Farao: «Dei dagar og år eg hev ferdast på jordi, er hundrad og tretti år. Få og låke hev dei vore, mine livedagar og år, og ikkje hev dei nått so høgt som livedagarne og åri åt federne mine i den tidi dei ferdast på jordi.»
1 Chronicles 29:15For me er framande for di åsyn, og gjester som alle våre feder; som ein skugge er våre dagar på jordi, og utan von.
Job 34:19Til han som ei gjer skil på fyrstar, og ikkje vyrder rik mot fatig. Av di hans hand hev skapt deim alle?
Proverbs 14:16Den vise ottast og held seg frå vondt, men dåren er brålyndt og trygg.
Jeremiah 3:19Eg sagde då: «Å, kor høgt eg vilde sessa deg millom borni og gjeva deg eit hugnadlegt land, den herlegaste odel millom folki.» Og eg sagde: «De vil ropa til meg: «Min fader!» og ikkje meir skilja lag med meg.»
Matthew 6:9Soleis skal de beda: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast;