2 Sm 1:11
Og ho gjorde ein lovnad og sagde: «Herre, du allhers drott! vil du venda augo til vesaldomen åt trælkvinna di og tenkja på meg, og ikkje gløyma trælkvinna di, men gjeva trælkvinna di eit gutebarn, so vil eg vigja honom til Herren for alle hans livedagar, og aldri skal det koma saks på hovudet hans.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10Og i hjartans sut bad ho til Herren og gret sårt.
12Ho heldt lenge på og bad framfor Herren. Og Eli fylgde munnen hennar med augo;
Cross References
Genesis 8:1Då kom Gud i hug Noah og alle villdyri og alt bufeet som var med honom i arki, og Gud let ein vind fara yver jordi, og vatnet fall.
Genesis 29:32Og Lea vart med barn, og åtte ein son, og kalla honom Ruben. «Herren hev set kor vondt eg hev det,» sagde ho, «no kjem mannen min til å halda av meg.»
Exodus 4:31Og folket trudde; og då dei høyrde at Herren var komen og vilde lydast til Israels-borni, og at han hadde set kva vande dei var i, so lagde dei seg på kne og bad.
Numbers 6:5So lenge vigslingslovnaden gjeld, må det ikkje koma saks på hovudet åt den som er vigd; alt til den tidi er ute som han hev vigt til Herren, skal han vera helga; han skal lata hovudhåret sitt veksa fritt.
Numbers 6:11og presten skal ofra deim, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer, so han fær soning for den syndi han førde yver seg, då han kom innåt liket. So skal han same dagen helga hovudet sitt,
Numbers 30:3Når ein mann hev gjort ein lovnad til Herren, eller svore ein eid, at han vil halda seg ifrå ymse ting, so skal han ikkje brjota ordet sitt; det han hev lova, skal han halda.