2 Sm 17:36
Hev no tenaren din felt både løva og bjørn, skal det ganga nett like eins med denne u-umskorne filistaren; for han hev svivyrdt fylkingarne åt den livande Gud.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 14:6Jonatan sagde med våpnsveinen sin: «Kom, lat oss klyva yver til utposten åt desse u-umskorne! kann henda vil Herren hjelpa oss. Det er ingen ting i vegen for at Herren kann gjeva siger anten dei er få eller mange.»
1 Samuel 17:26David spurde deim som stod attmed honom: «Kva fær den som feller denne filistaren og tek ei sovori svivyrding burt frå Israel? for kven er denne u-umskorne filistaren som vågar svivyrda fylkingarne åt den livande Gud?»
Isaiah 10:15Skal då øksi briska seg imot honom som høgg med henne? eller sagi skrøyta mot den som sagar? Rett liksom kjeppen skulde svinga den som lyfter honom! eller staven honom som ikkje er av tre!
Isaiah 36:15Lat ikkje Hizkia få dykk til å lita på Herren, med di han segjer: «Herren hjelper oss for visst, han gjev ikkje denne byen i henderne på assyrarkongen.»
Isaiah 37:22då er dette det ordet som Herren hev tala imot honom: Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter.
Isaiah 37:28Eg veit når du sit, gjeng ut og gjeng inn, kor du slær deg vill imot meg.