2 Sm 20:3
Men David gjorde eid på det: «Far din veit alt for vel at du hev fenge godvilje for meg. Difor tenkjer han: «Lat ikkje Jonatan få greida på dette! elles fær han sorg.» Men so sant Herren liver, og so sant du sjølv liver: det er berre eit stig millom meg og dauden.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
4Då sagde Jonatan med David: «Kva ynskjer du eg skal gjera for deg?»
Cross References
Deuteronomy 6:13Herren, din Gud, skal du ottast, og honom skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.
1 Samuel 1:26Ho sagde: «Høyr, herre! so sant du liver, herre, so er eg den kona som stod her attmed deg og bad til Herren.
1 Samuel 25:26Og no, herre! so sant som Herren liver, og so sant du sjølv liver, og Herren hev meinka deg frå blodskuld og sjølvtekt - gjev det må ganga med uvenerne dine og alle som lurer på å gjera deg mein, like eins som det gjeng med Nabal!
2 Samuel 15:21Men Ittai svara kongen: «So sant Herren liver, og so sant du liver, herre konge: den staden du er, herre konge, der vil tenaren din ogso vera, anten det ber til liv eller daude!»
2 Kings 2:4Elia sagde med honom: «Elisa, ver du her! Herren hev sendt meg til Jeriko.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So kom dei til Jeriko.
Psalms 116:3Daude-band hadde spent seg um meg, helheims trengsla hadde funne meg; naud og sorg fann eg.