2 Sm 26:11
Aldri i verdi vil Herren at eg skal leggja hand på den Herren hev salva. Tak likevel spjotet attmed hovudgjerdi, og vatskrukka! Lat oss so ganga vår veg!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 12:3Sjå her stend eg! Vitna no mot meg, so Herren og den han salva høyrer på: Hev eg teke ein ukse frå nokon? eller hev eg teke eit asen frå nokon? hev eg trælka nokon? eller trakka på nokon? hev eg teke mutor av nokon, so eg skulde sjå gjenom fingrarne med honom? So vil eg gjeva dykk vederlag.»
1 Samuel 24:12Sjå sjølv, far! ja sjå her snippen av kappa di i mi hand! Når eg skar av kappesnippen og ikkje drap deg, so må du då skyna og sjå at eg ikkje etlar deg noko ilt eller noko brot, og at eg ikkje hev gjort synd mot deg, endå du sit etter meg og vil taka livet av meg.
2 Samuel 1:16«Ditt blod kome yver ditt hovud,» sagde David; «din eigen munn vitna mot deg då du sagde: «Eg hev drepe honom som Herren hadde salva.»»
Psalms 17:4Mot det som menneskje hev gjort meg, hev eg etter ordet frå dine lippor teke meg i vare for valdsmanns stigar.