1 Thessalonians 1:10
og venta på hans son frå himmelen, honom som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 49:18På hjelpi di biar eg, Herre!
Isaiah 25:8Han skal gjera dauden til inkjes for all æva, og Herren, Herren skal turka tårorne av alle andlit, og sitt folks vanæra skal han taka burt frå all jordi. For Herren hev tala.
Matthew 3:7Mange av farisæarane og sadducæarane kom og til dåpen hans. Då han såg deim, sagde han: «Kven lærde dykk å røma frå den vreiden som koma skal, de orme-ungar?
Luke 3:7Som no folket kom ut og vilde få honom til å døypa seg, sagde han til deim: «Orme-ungar, kven lærde dykk å røma frå vreiden som skal koma?
Acts 2:24men Gud uppreiste honom med di han løyste daudens rider, av di det ikkje var mogelegt at han kunde verta halden fast av honom.
Acts 3:21han som himmelen skal hysa til tidi for atterreisingi av alle ting, som Gud hev tala um gjenom munnen til sine heilage profetar frå gamle dagar.