Krønikebøkene 13:19
Og Abia forfylgde Jeroboam og tok ifrå honom nokre byar; det var Betel og grenderne kringum, Jesana og grenderne kringum og Efron og grenderne kringum.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
20Jeroboam kom aldri til magt meir so lenge Abia livde, og Herren slo honom, so han døydde.
Cross References
Genesis 28:19Og han kalla den staden Betel. Men fyrr heitte byen Luz.
Joshua 10:39og tok både den og kongen som budde der, og alle bygderne ikring. Dei øydde alt med odd og egg og bannstøytte kvart liv som fanst der, so ingen vart att eller slapp undan. Josva for like eins åt med Debir og kongen der som han hadde gjort med Hebron og Libna og kongarne deira.
Joshua 15:9Frå den fjelltoppen stemnde skiftelina burtåt Me-Neftoahkjelda, heldt fram til byarne på Efronheidi, og tok so burtetter til Ba’ala, den byen som no heiter Kirjat-Jearim.
2 Chronicles 15:8Då Asa høyrde desse ordi og den spådomen som Azarja, son åt Oded, sagde fram, då tok han mod til seg og fekk burt dei ufysne styggetingi frå heile Judalandet og Benjaminslandet og frå dei byarne han hadde teke på Efraimsheidi; og han sette i stand Herrens altar framfyre Herrens forhall.
John 11:54Difor gjekk ikkje Jesus lenger fritt ikring millom jødarne, men for derifrå til dei bygderne som ligg tett med øydemarki, til ein by som heiter Efraim; der heldt han til eit bil med læresveinarne sine.