Krønikebøkene 15:9
So stemnde han saman heile Juda og Benjamin og deim ifrå Efraim, Manasse og Simeon som budde hjå deim; for ei mengd ifrå Israel hadde gjenge yver til honom då dei såg at Herren, hans Gud, var med honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10Dei samla seg då i Jerusalem i den tridje månaden i det femtande styringsåret åt Asa.
Cross References
Genesis 39:3og då husbonden hans såg at Herren var med honom og let alt han gjorde, lukkast for honom,
1 Kings 3:28Og då denne domen som kongen hadde sagt, spurdest i heile Israel, fekk dei age for kongen; for dei såg at Guds visdom var i honom, so han kunde døma rett.
1 Chronicles 12:19Av Manasse var det og nokre som gav seg med David då han drog ut i lag med filistarane til strid mot Saul, endå han sidan ikkje fekk hjelpa deim; for då filisterhovdingarne hadde halde samråd, sende dei honom burt, med di dei sagde: «Det stend um hovudet for oss um han gjeng yver til Saul, herren sin.»
2 Chronicles 19:4Josafat vart no buande i Jerusalem. Og so drog han ut att bland folket ifrå Be’erseba og til Efraimsheidi, og førde deim attende til Herren, deira fedregud.
2 Chronicles 30:25Og heile Juda-lyden gledde seg, og prestarne og levitarne og heile den lyden som var komen ifrå Israel og dei framande som var komne ifrå Israelslandet eller budde i Juda.
Zechariah 8:23So segjer Herren, allhers drott: I dei dagarne skal det henda at ti mann av alle dei tungemål som vert tala millom heidningfolk, tek fat i kjolesnippen åt ein mann frå Juda og segjer: «Me vil ganga med dykk; for me hev høyrt at Herren er med dykk.»