2 Corinthians 3:12
Sidan me då hev slik ei von, so gjeng me fram med stort frimod
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
Seeing then that we have such hope, we use great plainness of speech:
In Context
11For når det burtkvervande var i herlegdom, so skal det vedvarande so mykje meir vera i herlegdom.
Cross References
John 16:25Dette hev eg tala til dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala til dykk i likningar lenger, men fortelja dykk ope og endefram um Faderen.
Acts 4:13Men då dei såg slikt frimod hjå Peter og Johannes, og fekk vita at dei var ulærde lækfolk, undra dei seg; og dei kjende deim, at dei hadde vore med Jesus.
Acts 9:27Men Barnabas tok og førde honom til apostlarne, og han fortalde deim korleis han såg Herren på vegen, og at han tala til honom, og korleis han i Damaskus lærde frimodig i Jesu namn.
Acts 14:3Dei drygde då der ei lang tid og tala frimodigt i Herren, som vitna for sitt nådeord, med di han let teikn og under verta gjorde ved deira hender.
2 Corinthians 4:2men me hev avsagt dei skamlege løynvegar og gjeng ikkje fram med svikråd eller forfalskar Guds ord, men ved å kunngjera sanningi steller me oss fram for alle manns samvit for Guds åsyn.
2 Corinthians 7:4Stor er mi tiltru til dykk, stor er mi ros yver dykk, eg er fyllt med trøyst, eg er ovrik på gleda i all vår trengsla.