Første Krønikebok 23:6
Astarte-bilætet fekk han ut or Herrens hus, til Kidronsdalen utanfor Jerusalem, og brende det der i Kidronsdalen, mol det til dust, og dusti kasta han på den ålmenne gravstaden.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
7Han reiv ned utukt-husi i Herrens hus, der som kvende vov tjeld til Astarte.
Read all of Første Krønikebok 23
Cross References
Deuteronomy 7:25Gudebilæti deira skal du kasta på elden, og ikkje bry deg um sylvet og gullet på deim, eller eigna det til deg; det vilde føra deg i ulukka; for det er ein styggedom for Herren, din Gud,
Judges 3:7Israels-sønerne gjorde det som var Herren imot; dei gløymde Herren, sin Gud, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti.
1 Kings 15:13Og jamvel mor si, Ma’aka, sette han ifrå hennar dronningrang, for di ho hadde late gjera eit styggjelegt bilæte for Asjera; Asa hogg ned det stygge bilætet hennar og brende det i Kidronsdalen.
2 Kings 10:26og kasta ut stolparne i Ba’als-templet og brende deim upp.
2 Kings 21:7Astarte-bilætet som han hadde laga, sette han i det huset som Herren hadde sagt um til David og Salomo, son hans: «Til dette huset og til Jerusalem, som eg hev valt ut millom alle Israels ætter, vil eg festa namnet mitt i all æva.
2 Chronicles 15:16Og jamvel Ma’aka, mor si, sette kong Asa av frå hennar dronningrang, av di ho hadde gjort eit styggjelegt bilæte for Astarte; han hogg ned det stygge bilætet, slo det i smulder og brende det i Kidronsdalen.