Første kongebok 21:1
I Davids tid kom tri store uår etter kvarandre. Då gjorde David spursmål til Herren um det. Herren svara: «På Saul og hans hus kvilar blodskuld, av di han drap gibeonitarne.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første kongebok 21
Cross References
Genesis 26:1Og det kom eit uår, so det vart stor naud i landet, liksom fyrre gongen, medan Abraham livde. Då for Isak til Gerar, til Abimelek, filistarkongen.
Genesis 43:1Og då det traut det kornet dei hadde havt heim frå Egyptarland, sagde far deira med deim: «Far i vegen att og kjøp oss noko grjon!»
Leviticus 26:26Eg skal minka soleis på maten, som var dykkar styrk og studnad, at tie konor skal steikja brødet åt dykk i ein omn; dei skal gjeva det att etter vegt, og de skal’kje få eta dykk mette.
Joshua 7:1Men Israels-sønerne for ikkje ærleg åt med det som var vigt til Herren. Akan, son åt Karmi, som var son åt Zabdi og soneson åt Zerah av Juda-ætti, tok noko av det vigde. Då vart Herren brennande harm på Israels-sønerne.
Joshua 9:20Høyr no kva me vil gjera med deim: Me vil spara livet deira, og ikkje brjota den eiden me svor deim; for då kallar me Guds vreide ned yver oss.
1 Samuel 10:22Dei spurde då Herren ei venda til: «Er det endå ein mann her?» Herren svara: «Han hev løynt seg millom ferdagodset.»