Josvas bok 9:20
Høyr no kva me vil gjera med deim: Me vil spara livet deira, og ikkje brjota den eiden me svor deim; for då kallar me Guds vreide ned yver oss.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Samuel 21:1I Davids tid kom tri store uår etter kvarandre. Då gjorde David spursmål til Herren um det. Herren svara: «På Saul og hans hus kvilar blodskuld, av di han drap gibeonitarne.»
Proverbs 20:25Fårlegt er det for eit menneskje å vigsla eitkvart tankelaust, og fyrst granska lovnaden etterpå.
Ezekiel 17:15Men han sette seg upp imot honom, med di han let sine sendemenner fara til Egyptarland, for at dei skulde gjeva honom hestar og mykje folk. Skal det ganga honom vel? Skal han sleppa undan, den som gjer slikt? Skal han få brjota pakt og sleppa frå det?
Zechariah 5:3Då sagde han til meg: «Dette er forbanningi som gjeng ut yver heile landet; for i samhøve med henne skal kvar den som stel verta reinska burt her ifrå, og i samhøve med henne skal kvar den som sver verta reinska burt her ifrå.
Malachi 3:5Eg kjem til dykk og held dom og vert eit snøgt vitne mot deim som fer med trolldom, som bryt egteskapet, som gjer rang eid, som held att løni for leigekaren, som er harde med enkja og den faderlause, som rengjer retten for utlendingen og ikkje ottast meg, segjer Herren, allhers drott.
1 Timothy 1:10horkarar, syndarar mot naturi, menneskjerøvarar, ljugarar, meineidarar, og um det elles er noko som er imot den heilsame læra,