Første kongebok 24:16
Men då engelen rette ut handi yver Jerusalem og vilde tyna det, so angra Herren det vonde. Og han sagde til engelen som tynte folket: «Det er nok! Drag no handi di attende!» Og Herrens engel var då ved treskjarvollen åt jebusiten Aravna.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Første kongebok 24
Cross References
Genesis 6:6Då angra Herren at han hadde skapt mannen på jordi, og han var full av sorg i hjarta.
Exodus 9:28Bed til Herren at det må hava ein ende med toreslåtten og haglet, so skal eg lata dykk fara, og de tarv ikkje bia lenger.»
Exodus 12:23For Herren vil fara igjenom landet og heimsøkja egyptarane; og når han ser blodet på dørkollen og på dørskierne, då skal han fara framum døri og ikkje lata tynarengelen sleppa inn i husi dykkar og drepa.
Joshua 15:63Men Juda-sønerne vann ikkje driva ut jebusitarne, som budde i Jerusalem; dei hev vorte buande i hop med Juda-sønerne i Jerusalem alt til denne dag.
Judges 19:11Då dei var innmed Jebus, var dagen langt liden, og drengen sagde til husbonden sin: «Kom, lat oss taka inn i jebusitarbyen her og vera der med natti!»
2 Samuel 5:8David gav den dagsordren: «Kvar ein som slær jebusitarne, lat honom ganga upp til vatsleidingi, og slå desse blinde og lame som ber David imot!» Difor plar dei segja: «Blind og lam kjem ikkje inn i huset.»