Andre Mosebok 12:23
For Herren vil fara igjenom landet og heimsøkja egyptarane; og når han ser blodet på dørkollen og på dørskierne, då skal han fara framum døri og ikkje lata tynarengelen sleppa inn i husi dykkar og drepa.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
24So skal de då halda dykk etter dette bodet; det skal vera ei lov for deg og borni dine i all æva.
Cross References
Exodus 12:12For den same natti vil eg fara igjenom Egyptarlandet, og slå i hel alt som frumbore er i Egyptarland, både folk og fe; og alle egyptargudarne vil eg døma og refsa, eg, Herren.
2 Samuel 24:16Men då engelen rette ut handi yver Jerusalem og vilde tyna det, so angra Herren det vonde. Og han sagde til engelen som tynte folket: «Det er nok! Drag no handi di attende!» Og Herrens engel var då ved treskjarvollen åt jebusiten Aravna.
Isaiah 37:36Og Herrens engel gjekk ut og slo hundrad og fem og åtteti tusund mann i assyrarlægret. Tidleg næste morgon fann dei deim alle liggjande lik.
Ezekiel 9:6Gamle og sveinar og møyar og småborn og kvinnor skal de drepa og tyna; men rør ikkje nokon av deim som hev merke på, og frå min heilagdom skal de taka til.» Og dei tok til med dei gamle menner som var framfor huset.
Hebrews 11:28Ved tru heldt han påsken med utrenning av blodet, so tynaren ikkje skulde røra deira fyrstefødde.
Revelation 7:3og sagde: «Skad ikkje jordi eller havet eller trei, fyrr me fær sett innsigle på vår Guds tenarar i deira pannor!»