2 Timothy 2:19
Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsigle: «Herren kjenner sine,» og: «Kvar den som nemner Herrens namn, skal vika frå urettferd.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 16:5Og han tala til Korah og heile flokken hans, og sagde: «I morgon vil Herren syna kven som er hans folk, og kven som er heilag og kann koma inn til honom, og dei som han då vel, skal få koma inn til honom.
Psalms 1:6For Herren kjenner vegen dei rettferdige fer, men den vegen dei ugudlege fer, gjeng til grunns.
Psalms 37:18Herren kjenner dei dagar dei ulastande skal liva, og deira arv skal vara til æveleg tid.
Psalms 97:10De som elskar Herren, hata det vonde! Han tek vare på sjælerne åt sine trugne, frå handi til dei ugudlege frelsar han deim.
Psalms 125:1Ein song til høgtidsferderne. Dei som lit på Herren, er som Sionsfjellet, som ikkje vert rikka, men æveleg stend fast.
Proverbs 10:25Der stormen hev fare, er den gudlause burte, men den rettvise stend på æveleg grunn.