Daniels bok 1:7
Men den øvste hirdmannen gav deim nye namn: Daniel kalla han Beltsassar, Hananja Sadrak, Misael Mesak og Azarja Abed-Nego.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6Millom deim var Daniel, Hananja, Misael og Azarja av Juda-sønerne.
Cross References
Genesis 41:45Og Farao kalla Josef Safnat-Paneah, og gav honom Asnat til kona; ho var dotter åt Potifera, presten i On. So tok Josef til å ferdast kring i Egyptarland.
2 Kings 24:17Og Babel-kongen sette Mattanja, farbror hans, til konge i staden hans, og brigda namnet hans til Sidkia.
Daniel 1:10Men den øvste hirdmannen sagde til Daniel: «Eg ottast at herren min, kongen, som hev teke avgjerd um maten og drykken dykkar, skal tykkja at de er meir skrinnleitte enn dei andre sveinarne på dykkar alder, og so kjem de til å føra skuld yver hovudet mitt hjå kongen.»
Daniel 2:49Og Daniel bad kongen, og han sette Sadrak og Mesak og Abed-Nego til å styra Babelsfylket, men Daniel sjølv stana i kongsgarden.
Daniel 4:5Då hadde eg ein draum som skræmde meg; eg tok fæla av draumsviv i mi seng og av ei syn som eg såg.
Daniel 5:12etter di det hjå honom var ei makelaus ånd og kunnskap og skyn, og dugleik til å tyda draumar og gjeta gåter og greida vande flokar, hjå denne Daniel, som kongen hadde gjeve namnet Beltsassar. Send difor bod etter Daniel! So gjev nok han deg uttydingi».