Daniels bok 5:12
etter di det hjå honom var ei makelaus ånd og kunnskap og skyn, og dugleik til å tyda draumar og gjeta gåter og greida vande flokar, hjå denne Daniel, som kongen hadde gjeve namnet Beltsassar. Send difor bod etter Daniel! So gjev nok han deg uttydingi».
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 9:1Då dronningi i Saba høyrde gjetordet um Salomo, drog ho til honom i Jerusalem og vilde røyna honom med djupe gåtor. Ho kom med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar. Og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta.
Proverbs 12:26Den rettferdige rettleider næsten sin, men vegen åt gudlause fører deim vilt.
Daniel 1:7Men den øvste hirdmannen gav deim nye namn: Daniel kalla han Beltsassar, Hananja Sadrak, Misael Mesak og Azarja Abed-Nego.
Daniel 4:8Til slutt kom Daniel og inn for meg, han som hadde fenge namnet Beltsassar etter namnet på guden min, og som anden åt heilage gudar er i; og eg fortalde honom draumen soleis:
Daniel 5:14Eg hev høyrt folk segja um deg at anden åt gudar er i deg, og at det hev synt seg at du eig upplysning og skyn og makelaus visdom.
Daniel 6:3Og yver deim sette han tri riksrådar, og av deim var Daniel den eine; for deim skulde satraparne gjera rekneskap, so kongen ingen skade leid.