Daniels bok 10:13
Hovdingen yver persarriket stod meg imot i ein og tjuge dagar; men då kom Mikael, ein av dei fremste hovdingarne, og hjelpte meg, medan eg fyrr hadde stade der åleine mot persarkongarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 4:5Dei leigde folk til å leggja meinråder mot deim, og tiltaket vart stogga i all den tid som Kyrus var konge, alt til Darius hadde teke til å styra i Persia.
Daniel 10:20Like vel vil eg kunngjera deg kva som er skrive i sanningsboki. Og det er ikkje ein som hjelper meg mot desse utan Mikael, hovdingen dykkar.
Zechariah 3:1So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga honom.
Colossians 2:10Og de er fyllte i honom, som er hovudet yver all magt og yverråd;
1 Peter 3:22han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og magter og krafter er honom underlagde.
Revelation 12:7Og det vart ein strid i himmelen: Mikael og hans englar stridde med draken, og draken stridde, og hans englar.