Daniels bok 3:18
Men um han ikkje det vil, so skal du vita, konge, at me dyrkar ikkje dine gudar kor som er, og at me ikkje vil tilbeda det gull-bilætet som du hev fenge reist.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 20:5Du skal ikkje beda til deim, og ikkje skal du tena deim! For eg, Herren, din Gud, er ein streng Gud, som hemnar broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni åt deim som hatar meg,
Joshua 24:15Men hev de ikkje hug til å tena Herren, so vel i dag kven de vil tena, anten dei gudarne som federne dykkar austanfor Storelvi tente, eller gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i! Men eg og mitt hus me vil tena Herren.»
Proverbs 28:1Dei gudlause flyr um ingen deim elter, dei rettferdige er som ungløva trygge.
Daniel 3:28Då tok Nebukadnessar til ords og sagde: «Lova vere Gud åt Sadrak, Mesak og Abed-Nego, som sende engelen sin og frelsa tenararne sine, som trøysta seg so fast til honom at dei braut ordi åt kongen og våga livet sitt, so dei ikkje skulde nøydast til å dyrka og tilbeda nokon annan gud enn sin eigen Gud!
Matthew 10:32Den som då kjennest ved meg for folk, honom skal eg og kjennast ved for far min i himmelen;
Matthew 16:2Han svara: «Um kvelden segjer de: «Det vert godt ver; for himmelen er raud,»