Daniels bok 9:26
Men etter dei tvo og seksti vikorne skal ein som er salva, verta utrudd og inkje hava. Og byen og heilagdomen skal verta øydde av folket åt ein fyrste som kjem, og han skal enda i ein storflaum; Og alt til enden skal det vera strid. Øyding er urikkeleg avgjord.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 22:15Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta hev vorte voks, smolte inst i mitt liv.
Isaiah 28:2Sjå, ein sterk og veldug sender Herren, lik ein hagleling, ein øydande storm, lik eit fløde av velduge, yverfløymande vatn, som slær alt til jordi med magt.
Isaiah 53:8Med vald og dom vart han teken burt, men kven i hans samtid tenkte då: «Burtriven vart han or livandelandet, for mitt folks brot fekk han ulivssår?»
Daniel 9:27Og han skal gjera eit sterkt samband med mange for ei vika, og ved honom skal slagtoffer og grjonoffer vera avteke for ei halv vika; og på styggedoms veng skal øydaren koma. Detta skal ganga fyre seg, til dess øyding og urikkeleg avgjord straffedom strøymer ut yver øydaren.»
Daniel 11:17Og han skal etla seg til å koma med heile magti i riket sitt; like vel er han huga på semja, og det skal han og få til. Ei av døtterne sine skal han gjeva honom til kona, til tjon for landet. Men det skal ikkje koma i stand og ikkje verta av.
Hosea 1:9Då sagde han: «Lat honom heita Lo-Ammi! For de er ikkje mitt folk, ikkje heller skal eg høyra dykk til.»