Daniels bok 9:25
Og du skal vita og skyna: Frå den tidi då ordet gjekk ut um atterreising av Jerusalem, til dess det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal sju vikor lida av, og i tvo og seksti vikor byen skal det verta atterreist med gator og vollgraver, endå um tiderne er tronge.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Ezra 4:24Då vart det stans med byggjingi på Guds hus i Jerusalem. Det vart ingenting gjort med dette fyrr Darius hadde vorte konge i Persia, det andre året han styrde.
Ezra 7:1Då ei tid var lidi, hende det, medan kong Artahsasta styrde i Persia, at Ezra for heim frå Babel. Han var son åt Seraja, som var son åt Azarja, son åt Hilkia,
Ezra 7:11Dette er avskrift av eit brev som kong Artahsasta gav den skriftlærde presten Ezra, som var kunnig i Herrens bodord og lover for Israel:
Nehemiah 2:5Og so sagde eg til kongen: «Um det tekkjest kongen, og um du eig godvilje for tenaren din, so ynskjer eg å verta send til Juda, til byen der federne mine er gravlagde, so eg kann byggja honom upp att.»
Nehemiah 3:1Øvstepresten Eljasib og dei andre prestarne, frendarne hans, gjekk i veg og bygde Saueporten. Dei vigde honom, og sette inn dørerne. So bygde dei fram til Meatårnet, som dei vigde, og fram til Hananeltårnet.
Nehemiah 4:8Dei lagde seg i hop alle saman um å koma og strida mot Jerusalem og gjera ugreida for folket.