Femte Mosebok 12:28
Lyd då etter alle desse ordi som eg segjer deg no, og ber deim i hugen, so det kann ganga deg og borni dine vel i all æva, for di du gjer det som er godt og rett i augo åt Herren, din Gud!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 34:11Kom no i hug det eg segjer med deg i dag! Sjå no vil eg jaga amoritarne og kananitarne og hetitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne: dei skal røma for deg.
Deuteronomy 4:40og haldt loverne og bodi hans, som eg lærer deg no; då skal det ganga deg vel, og borni dine og, og du skal få liva lenge i det landet som Herren, din Gud, gjev deg til æveleg eiga.»
Deuteronomy 24:8Tak dykk i vare for spillsykja! tak dykk vel i vare, og gjer som Levi-prestarne lærer dykk! Soleis som eg hev sagt deim fyre, lyt de leggja dykk vinn um å gjera.
2 Chronicles 7:17Um du no ferdast for mi åsyn soleis som David, far din, ferdast, so du gjer alt det som eg hev bode deg, og held lovorne og rettarne mine,
Psalms 105:45at dei skulde halda hans fyresegner og taka vare på hans lover. Halleluja!
John 15:3De er alt reine for skuld ordet som eg hev tala til dykk.