Femte Mosebok 14:23
til den staden som Herren, din Gud, vel seg til bustad; der skal du halda måltid for hans åsyn, og eta tiendi av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungarne av storfeet og småfeet ditt, so du kann læra å ottast Herren, din Gud, alle dagar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
22Tiendi av avlingi di, av alt det som veks på marki år etter år, skal du taka med deg
Cross References
Deuteronomy 4:10Kom i hug den dagen då du stod framfor Herren, din Gud, innmed Horeb, og Herren sagde til meg: «Kalla folket i hop! Eg vil lata deim høyra bodi mine, so dei kann læra å ottast meg all den tid dei liver på jordi, og læra borni sine det same.»
Deuteronomy 12:6og dit skal de føra brennofferi og slagtofferi dykkar, og tiendi og reidorne dykkar, og gåvorne dykkar, både deim de hev lova, og deim de gjev i godvilje, og frumsungarne av storfeet og småfeet dykkar.
Deuteronomy 12:14På den staden som Herren vel seg ut i eit av fylki dykkar, der skal du ofra brennofferi dine, og der skal du gjera alt anna eg segjer deg fyre.
Deuteronomy 15:19Alle frumborne handyr i buskapen din skal du vigja til Herren din Gud. Frumborne uksar må du ikkje hava til arbeids, og frumborne sauer må du ikkje klyppa.