Femte Mosebok 16:22
Og du skal ikkje reisa nokon minnestein som Herren, din Gud, mislikar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
Neither shalt thou set thee up any image; which the LORD thy God hateth.
In Context
Cross References
Exodus 20:4Du skal ikkje gjera deg noko gudebilæte, eller nokor likning av det som er uppi himmelen, eller det som er nedpå jordi, eller det som er i vatnet, nedunder jordi!
Leviticus 26:1De skal ikkje gjera dykk avgudar, og ikkje reisa gudebilæte eller minnestolpar eller setja bilætsteinar i landet dykkar og kasta dykk på kne for deim. Eg, Herren, er dykkar Gud.
Deuteronomy 4:23Agta dykk då at de ikkje gløymer pakti Herren hev gjort med dykk, og lagar dykk noko gudebilæte som likjest nokon ting i verdi! for det hev Herren, din Gud, forbode deg.
Deuteronomy 12:31Far aldri åt som dei gjer, når du dyrkar Herren, din Gud; for alt det som Herren mislikar, og som er ein styggedom hans augo, det gjer dei for gudarne sine; jamvel sønerne og døtterne sine brenner dei til æra for desse gudarne sine.
Jeremiah 44:4Og eg sende til dykk alle tenarane mine, profetarne, både jamt og samt, og sagde: Gjer då ikkje desse skræmelege ting som eg hatar!
Revelation 2:6Men dette hev du, at du hatar gjerningarne åt nikolaitarne, som eg og hatar.