Jeremias bok 44:4
Og eg sende til dykk alle tenarane mine, profetarne, både jamt og samt, og sagde: Gjer då ikkje desse skræmelege ting som eg hatar!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Chronicles 36:15Herren, deira fedregud, sende fyretolor til deim seint og tidleg med sendebodi sine, av di han tykte synd i folket sitt og bustaden sin.
Nehemiah 9:34Kongarne våre, hovdingarne våre, prestarne våre, federne våre hev ikkje halde lovi di og hev ikkje agta på bodi dine og dei åtvaringsordi du gav deim.
Jeremiah 7:17Ser du ikkje kva dei gjer i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne?
Jeremiah 7:25Alt ifrå den dagen då federne dykkar for ut or Egyptarlandet og heilt til denne dag hev eg dagstødt, jamt og samt, sendt alle mine tenarar, profetarne, til dykk.
Jeremiah 25:3Frå det trettande styringsåret åt Josia Amonsson, Juda-kongen, og alt til denne dag, no i tri og tjuge år, hev Herrens ord kome til meg, og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de vilde ikkje høyra.
Jeremiah 29:19for di at dei lydde ikkje på mine ord, segjer Herren, då eg sende tenarane mine, profetarne, til deim, jamt og samt, men de høyrde ikkje, segjer Herren.