Femte Mosebok 28:21
Farangar skal han lata hanga atti deg, til han hev rudt deg ut or landet som du er på vegen til og skal slå under deg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 5:3«Hebræarguden hev møtt oss!» svara dei. «Gode, gjev oss lov å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren, vår Gud, so han ikkje skal koma yver oss med sott eller sverd!»
Numbers 14:12Men no vil eg søkja deim med sott, og rydja deim ut, og so vil eg gjera di ætt til eit større og sterkare folk enn dei er.»
Numbers 25:9Men talet på deim som døydde i sotti, var fire og tjuge tusund.
Jeremiah 15:2Og når dei segjer med deg: «Kvar skal me då fara?» so skal du segja med deim: So segjer Herren: Til dauden den som åt dauden er etla, og til sverdet den som åt sverdet er etla, og til svolten den som åt svolten er etla, og til utlægd den som åt utlægd er etla.
Jeremiah 21:6Og eg vil slå deim som bur i denne byen, både folk og fe; i ei stor sott skal dei døy.
Amos 4:10Eg sende sotti på dykk liksom i Egypt. Eg drap dykkar gutar med sverd. Hestarn’ vart herfang. Eg let dykk illtev frå valen i nasarne få. Men de vende’kje um til meg, segjer Herren.