Femte Mosebok 31:27
For eg veit kor tråssuge og stride de er. Hev de’kje alt no, medan eg liver og er hjå dykk, vore ulyduge mot Herren! Korleis vil det då verta når eg er burte?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 32:8Dei var snøgge til å taka utav den vegen eg sagde dei skulde fylgja. No hev dei støypt seg ein gullkalv; den legg dei seg på kne for og ofrar til honom og ropar: «Dette er guden din, Israel, han som førde deg ut or Egyptarland!»
Deuteronomy 9:6So skal du då vita at det ikkje er for di rettferd skuld Herren, din Gud, gjev deg dette gilde landet til eiga; for du er eit hardkyndt folk.
Deuteronomy 9:24ulyduge mot Herren hev de vore so lenge eg hev kjent dykk.
1 Samuel 12:15Lyder de ikkje Herren, men set de dykk upp mot Herrens bod, då vil Herrens hand vera imot dykk liksom mot federne dykkar.
Nehemiah 9:29Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda.
Psalms 78:17Men dei heldt endå på og synda imot honom, og var tråssuge mot den Høgste i øydemarki.