Nehemiah 9:29
Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 10:3So gjekk Moses og Aron fram for Farao og sagde med honom: «So segjer Herren, Hebræarguden: «Kor lenge skal det vara fyrr du vil bøygja deg for meg? Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg!
Deuteronomy 4:26so tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart skal verta utrudde or det landet de fær i eige når de kjem yver Jordan; de skal ikkje få liva der lenge, men verta heiltupp utøydde.
Deuteronomy 31:27For eg veit kor tråssuge og stride de er. Hev de’kje alt no, medan eg liver og er hjå dykk, vore ulyduge mot Herren! Korleis vil det då verta når eg er burte?
2 Kings 17:13Herren vara både Israel og Juda ved alle profetarne og sjåarane sine: «Vend um frå dei vonde vegarne dykkar og haldt mine bod og mine fyreskrifter etter heile den lovi som eg baud federne dykkar, og som eg sende til dykk ved tenarane mine, profetarne!»
2 Chronicles 24:19Og han sende profetar til deim til å føra deim attende til Herren, og dei tala ålvorsamt til deim, men dei høyrde ikkje på deim.
Nehemiah 9:10Du gjorde teikn og under med Farao og alle tenarane hans og heile landslyden hans; for du visste at dei hadde fare ovmodigt åt med deim. Og soleis vann du deg eit namn som vert nemnt heilt til i dag.