Femte Mosebok 32:21
Dei arga meg upp med u-gudar, eggja meg med sine skrymt; eg skal eggja deim med eit u-folk, ei uvitug heidningeborg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Samuel 12:21Fall ikkje frå! for då kjem de til å fara etter tome avgudar, som ingen gagnar og ingen fagnar; tome er dei.
1 Kings 16:13for alle dei synder skuld som Baesa og Ela, son hans, hadde gjort, og som dei hadde fenge Israel til å gjera, so dei harma Herren, Israels Gud, med dei fånyttige avgudarne sine.
2 Kings 17:11På alle haugarne brende dei røykjelse, liksom dei folki Herren hadde drive burt for deim, og dei harma Herren med si illferd.
2 Kings 22:17til straff for at dei hev vendt seg frå meg og brent røykjelse for andre gudar og harma meg med alle sine verk; harmen min logar mot denne staden og sloknar ikkje.
Psalms 78:58Dei harma honom med sine haugar og eggja honom med sine avgudar.
Jeremiah 2:11Hev noko folk bytt burt gudar, endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk hev bytt sin herlegdom burt i gagnløysa.