Femte Mosebok 9:5
Det er ikkje for di du er god og rettvis, eller for di du er truverdug og ærleg, at du skal koma dit og få landet deira, men for di dei er gudlause, driv Herren deim ut, og av di han vil halda det ordet han gav federne dine, Abraham og Isak og Jakob.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 12:7Då synte Herren seg for Abram og sagde: «Dette landet vil eg gjeva ætti di!» Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for honom.
Genesis 15:7Og han sagde til honom: «Eg er Herren, som leidde deg ut frå Ur i Kaldæa, og eg vil gjeva deg dette landet til eiga.»
Genesis 17:8Og eg vil gjeva deg og ætti di etter deg det landet som du held til i, heile Kana’ans-landet, til eiga i all æva, og eg vil vera deira Gud.»
Genesis 28:13Og sjå: Herren stod uppyver honom og sagde: «Eg er Herren, Gud åt Abraham, godfar din, og Gud åt Isak. Dette landet som du no ligg i, det vil eg gjeva deg og ætti di.
Leviticus 18:24Gjer dykk ikkje ureine med sovori åtferd! For slikt var det dei gjorde seg ureine med, dei folki som eg driv ut for augo dykkar;
Deuteronomy 18:12For dei som gjer sovore, er avstyggjelege i Herrens augo, og for slik styggedom skuld er det Herren driv deim ut for dykk.